| Wind Watch is a registered educational charity, founded in 2005. |
Please note that opinion pieces (including letters, editorials, and blogs), reflect the viewpoints of their authors; National Wind Watch does not necessarily agree with them in their entirety or endorse them in any way, nor should it be implied that the writers endorse National Wind Watch.
Når vart hydraulikkolje miljøvennleg?
Credit: Av Gunn Margit Thovesdatter Olsen, Raudt Flora · Publisert: 26.12.25 · firdaposten.no ~~
[A modern wind turbine at around 150–200 meters contains between 1,200 and 1,600 liters of hydraulic oil. How can this be called green energy?]
Når vart hydraulikkolje noko vi kan byggje ned naturen vår med – og samstundes kalle det miljøvennleg?
Ein moderne vindturbin på rundt 150–200 meter inneheld mellom 1200 og 1600 liter hydraulikkolje. Korleis kan dette kallast grøn energi?
No blir det planlagt endå høgare turbinar – heilt opp mot 220 meter. For dei som ønskjer å teste havvind på land, er det snakk om modellar på heile 450 meter. Då må ein spørje: Kor mykje hydraulikkolje treng slike kjemper – 2000 liter? 2200? Og kva konsekvensar får det dersom denne olja lek ut i naturen?
Hydraulikkolje er eit effektivt smøremiddel, men òg eitt av dei mest skadelege stoffa for miljøet vårt. Ho er giftig for vasslevande organismar, øydelegg mikroorganismane i jorda og reduserer jordas fruktbarheit. Ein lekkasje kan trengje ned i grunnvatnet og forureine store område. Sjølv såkalla «nedbrytbar» hydraulikkolje må handterast med største varsemd.
Når vindkraft blir framstilt som reint og grønt, gløymer ein at under overflata ligg det ein giftig cocktail av olje, metall og kjemikaliar – eit skjult avfall som kan setje djupe spor i naturen vår.
Når så store konstruksjonar som vindturbinar skal plasserast i naturen, må vi ta på alvor at hydraulikkvæske er ein reell risikofaktor.
Ifølgje den amerikanske miljøetaten ATSDR blir hydraulikkvæsker funne ved fleire oppryddingsområde etter lekkasjar. Etaten peikar på at væska kan trengje ned i jorda og nå grunnvatnet, og at full nedbryting kan ta over eitt år – medan forskarane veit lite om kor giftige nedbrytingsprodukta er.
Ein fagfellevurdert polsk studie publisert i 2024 viser, med utsleppssimuleringar frå Austersjøen, at olje og smøremiddel frå havvind kan spreie seg over store havflater, bli liggjande i opp mot åtti timar under rolegare vind, og nå kystsona – medan mesteparten ikkje fordampar, men blir dispergert i sjøen. Det er dårlege nyheiter for fisk, skalldyr og botnorganismar når uhell først skjer.
Vedlikehald og uhell vil alltid skje. Spørsmålet er: Kvifor ta denne risikoen for ein teknologi som blir marknadsført som «grøn»?
Vindkraft kan ikkje kallast berekraftig når ho samstundes fører store mengder olje og tungmetall inn i naturen – både på land og til sjøs.
Er dette verkeleg prisen vi vil betale for grøn energi?
This article is the work of the source indicated. Any opinions expressed in it are not necessarily those of National Wind Watch.
The copyright of this article resides with the author or publisher indicated. As part of its noncommercial educational effort to present the environmental, social, scientific, and economic issues of large-scale wind power development to a global audience seeking such information, National Wind Watch endeavors to observe “fair use” as provided for in section 107 of U.S. Copyright Law and similar “fair dealing” provisions of the copyright laws of other nations. Send requests to excerpt, general inquiries, and comments via e-mail.
| Wind Watch relies entirely on User Contributions |
![]() (via Stripe) |
![]() (via Paypal) |
Share:



