October 9, 2019
Norway

Slik aksjonerer vindkraft-motstandarar over heile landet

Marius André Jenssen Stenberg, Journalist ; Øystein Otterdal, Journalist ; Johannes Børstad, Journalist ; Geir Bjarte Hjetland, Journalist ; Anne Kari Løberg, Journalist | NRK | Publisert 08.10.2019 | www.nrk.no

[On Tuesday, more than 130 signal fires were expected to mark opposition to local wind power developments. (translate article to English)]

Tysdag blei meir enn 130 vardar tende for å markere motstand mot lokale vindkraftutbyggingar. – Det er mange stader det skal byggjast, og det håpar eg vi klarer å stanse, seier vindkraftmotstandar.

Vardar blir tende over heile landet mot vindkraftutbygging, her på fjellet Ulriken i Bergen. Foto: Kristian Kvamme / NRK

Rundt om i Noreg er det mange vindkraftprosjekt som møter stor motstand i befolkninga. I kveld har dei organisert seg i alle fylke.

NVE har peikt ut 13 område som mest eigna for vindkraft i Noreg. Rundt 40 prosent av desse områda blir også rekna som inngrepsfri natur.

– Vi vil vise at dette er ei folkeleg rørsle og ei sak som opprører heile landet. Vi håpar at dette får politikarane til å forstå at dei må gjere noko, seier leiar for Motvind Norge, Eivind Salen.

8. oktober er det også 40 år sidan sveltetreiken under Alta-aksjonen starta, noko som er grunnen til at vindkraftaksjonen er lagt til i dag.

Spillumsaksla i Namsos – Foto: Kjartan Trana / NRK

Vardafjellet i Sandnes – Foto: Tore Haye

Skardsøya i Aure på Nordmøre – Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fjellet Ulriken i Bergen – Foto: Kristian Kvamme / NRK

Høyanger i Sogn og Fjordane – Foto: Einar Rysjedal

Liafjellet i Flatanger i Trøndelag – Foto: Johannes Børstad / NRK

Siljan i Telemark – Foto: Kurt Inge Dale

Elverum i Hedmark – Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Varsel om fare

Vardebrenning er ein eldgammal måte å varsle fare på, og har i nyare tid blitt brukt til å demonstrere politiske meiningar.

– 130 vardetenningar symboliserer varsel om at den norske naturen er i overhengande fare, og krev at vi vaknar og grip til dei våpen vi har, fortel Irene Gjellestad i Motvind Sørvest i ei pressemelding.

Ein av stadene dei har protestert er Bjerkreim i Rogaland, det det skal kome vindturbinar på åtte fjelltoppar. Der får vardebrenninga også støtte frå grunneigarar.

– Vi trur dette er ein god måte å demonstrere på. Eg håper det ikkje blir noko av utbygginga. ein ser jo kva for konsekvensar det kan få for naturen og dei som bur i området. Fleire vil ikkje kunne bu der dei bor i dag, seier grunneigar Tor jan Espedal.

– Vindmøller er ikkje den rette måten å redde miljøet på, fordi dei øydelegg naturen, seier Thea Iren Espedal, som er med på å organisere vardetenninga i Bjerkreim.

Aksjonistar på Haramsfjellet i Haram på Sunnmøre. – Vi står i fare for å miste ein del av naturen og identiteten vår, seier vindkraftmotstandar Jørgen Aakre (grøn genser). Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Dei skal køyre over fjella våre

I Trøndelag har det vore mykje lokal motstand mot vindkraftutbygging i løpet av det siste året. På Frøya har det vore høglydte protestar mot Trønderenergi, som er i gang med utbygging av eit nytt vindkraftverk som skal stå ferdig i 2020.

Det er venta at over 130 vardar blir tende 8. oktober. Foto: Google Maps / Motvind Norge

Ved Sørmarkfjellet i Flatanger har aksjonistar prøvd å sabotere utbygginga kraftverket der med 31 planlagde vindturbinar.

Fredrik Klocke er ein av dei rundt 20 som har tatt turen til Liafjellet i Flatanger for å brenne varde.

– Det er ein viktig kamp for meg. Dei skal køyre over fjella og rasere naturen vår.

Er det mogleg å stoppe utbygginga?

– Det er mange stader det skal byggjast, og det håpar eg vi klarer å stanse.

I Trøndelag er tre store område peikt ut av NVE som best eigna for utbygging, men i sommar blei det klart at trønderske fylkespolitikarar har sagt tydeleg frå om at dei vil stoppe alle nye vindkraftplanar i fylket.

Får vindturbinar tett på seg

Berit Østmoen har kjempa mot vindkraftutbygging i Hedmark i fleire år. Ho vil ikkje ha vindturbinar så tett på seg.

– Det er fordi eg både er harm, trist og lei meg. Vi bur i Sørskogbygda og ser dei store naturinngrepa som skjer. Vi synest det er trist at det skjer.

Ho og ektemannen bur midt mellom det etablerte vindkraftverket Ra-skiftet i Åmot/Trysil/Elverum og det planlagde i Kjølberget i Våler/Trysil.

I regn og surt vêr gjekk over 40 personar til fjells for å tenne varde i Høyanger i Sogn og Fjordane.

– Det er vi svært nøgde med, seier Raudt-politikar Einar Rysjedal.

Industristaden er ein av dei plassane i landet som vil merke vindkraftutbygging mest. I fjellområda mellom Høyanger og Viksdalen i Gaular kan det kome opp mot 80 vindturbinar.


URL to article:  https://www.wind-watch.org/news/2019/10/09/slik-aksjonerer-vindkraft-motstandarar-over-heile-landet/