November 3, 2015
Norway

Windmill in Fitjar totally burned in the night

Vindmølle i Fitjar totalt utbrend i natt; Generatorhuset er heilt borte | Geir Rommetveit | Sunnhordland | Publisert 31.10.2015 | www.sunnhordland.no

Seint i natt byrja det å brenna i ei av dei 44 vindmøllen i Midtfjellet vindpark i Fitjar. Vindmølla som brann står lengst nordvest i parken.

Brannvesenet fekk melding frå Jostein Prestbø, som såg flammane heimefrå.

– Ja, frå terrassen vår såg me at det var kraftige flammar frå toppen av vindmølla. Flammane gav seg før det vart lyst.

Politi-undersøking

Vakthavande for Fitjar brannvesen, Johan Nilsen, var ein av dei som køyrde opp til vindmølla.

– Då me kom fram, hadde brannen gitt seg. Men uansett veit me at det er umogeleg for oss å sløkkja brann i ei vindmølle.

Me såg at generatorhuset var heilt borte, og det fall restar ned på bakken.

Kraftlagsfolk som var der, konstaterte at vindmølla hadde gått i nedstengtmodus , slik ho skal gjera når noko er gale. Me stengde av området rundt vindmølla, for det er farleg for folk å gå nær denne no, seier Johan Nilsen.

Politiet opplyser at dei går ut frå at brannen skuldast teknisk feil, men at dei neste veke skal gjera nærare undersøkingar.

 Foto: JOHAN H NILSEN


Foto: JOHAN H NILSEN

Full stans

Dagleg leiar i Midtfjellet vindpark, Erik Mortensen, seier dei no har stansa alle vindmøllene.

– Ja, dei må no stå fram til Nordex, som har levert dei og har drifts- og vedlikehaldet, har funne årsaka til denne brannen.

Taper de mykje på brannen?

– Noko taper me, det er sikkert. Men me har forsikring, seier Erik Mortensen, som sjølv ikkje kan seia noko om kvifor generatoren brann opp.

Johan Nilsen i Fitjar brannvesen oppmodar folk til å ikkje gå opp for å sjå på vindmølla fordi det ennå er stor fare for at det kan falla ned restar i stor radius frå vindmølla på grunn av vinden.

Aksjonsgruppa

– Så skjedde det som «Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet» gjentekne gonger advarte mot; Det vart utslett av giftig olje i fjellet.

Dette seier Torbjørn Hovland i aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet.

– Drikkevassforsyninga for Fitjar kommune, Svartavatnet, ligg no midt i vindmølleland. Det finst inga skikkeleg reserve drikkevassforsyning dersom giftige utslepp når nedslagsfeltet til Svartavatnet,
skriv han i eit brev til miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen og vil vita kva Fylkesmannen vil gjera for å hindra at fleire slike ulukker skjer.

Tore Nesbø er brannsjef og ansvarleg i Fitjar kommune ved akutt ureining. Han meiner at denne brannen og oljeutsleppet ikkje kan utgjera noko fare for drikkevatnet.

– Grunnen rundt vindmølla vil absorbera denne olja, Men me har gjeve vindparken beskjed om at dei må skifta ut all massen som har absorbert olje.

– Men dersom det same hadde skjedd med ei anna vindmølle nærare drikkevasskjelda?

– Ja, det kunne vore meir kritisk. Men denne gongen er det ingen fare, seier Tore Nesbø.

Generatoren er tydelegvis heilt utbrend. Foto: HERGEIR TVEIT

Generatoren er tydelegvis heilt utbrend. Foto: HERGEIR TVEIT


URL to article:  https://www.wind-watch.org/news/2015/11/03/windmill-in-fitjar-totally-burned-in-the-night/