November 3, 2015
Norway

Fire in windmill on Midtfjellet

Brann i vindmølle på Midtfjellet | 31 oktober 2015 | www.stordnytt.no

Seint natt til laurdag melde augevitner frå til brannvesnet på Fitjar om at det brann i ei av vindmøllene på Midtfjellet. Då brannmannskapet kom fram hadde brannen gitt seg og – som bileta viser – var heile generatorhuset på vindmølla totalskadd.

Operasjonsleiar Trond Åsbu ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt seier til Haugesunds Avis at dei fekk melding om brannen i fem tida laurdag morgon, og at brannen truleg er av teknisk karakter. – Brannen sløkte seg sjølv etter at straumen vart slått av, seier Åsbu.

Området der vindmølla står er no sperra av, då fleire deler fall i bakken etter brannen.

Augevitner såg flammane stikka ut frå toppen av ein av vindmøllene på Midtfjellet. (Foto: Hergeir Tveit)

Augevitner såg flammane stikka ut frå toppen av ein av vindmøllene på Midtfjellet. (Foto: Hergeir Tveit)

Heile generatorhuset på vindmølla som brann er borte. (Foto: Hergeir Tveit)

Heile generatorhuset på vindmølla som brann er borte. (Foto: Hergeir Tveit)


URL to article:  https://www.wind-watch.org/news/2015/11/03/fire-in-windmill-on-midtfjellet/